'; Kari Anne Grøv Revheim | Nesbru går grønt
Lærer på Nesbru.
Min utfordring
Gå til skolen hver dag og plukke søppel på veien

Så var det over – ganske stolt av siste dagen. Då tok vi tog til Jessheim, eg og sonen. Det tok litt lengre tid og vi måtte stå opp litt tidlegare.  Men vi kunne kose oss med frokost på toget og lese avisa. På tur tilbake fekk vi tilbod om skyss med ein annan bil. Då sa Ola; vi tek heller toget – det er myjke betre! Så kanskje det er håp for neste generasjon? 

Dag 17: Bil – kollektivt

Alt vel, berre blogging som er eit problem. Kanskje det skulle vore utfordringa mi? 

Eg brukar bilen minst muleg – også på fritida. Vi er faktisk ganske flinke der, men kva utfordringar møter vi? Jo, for det første er det dyrt å reise kollektivt. Kvar gong ein av ungane skal til tannlegen (regulering) i Sandvika prøver vi å ta toget. Det kostar oss 53,- ein veg. Er vi kjappe kan vi ta toget tilbake innan ein time, men som regel kostar det 53,- tilbake også. Då er det jo lettare å ta bilen. Så dyr er ikkje parkeringa i Sandvika.

I haustferien tenkte vi også å ta bussen til hytta på fjellet. Men prisen for meg og to av ungane vart altfor høg – så bilen vart eit mykje billigare alternativ. 

For det andre tek det kortare tid med bil.

Dag 11: Endring

Kanskje har eg hatt litt for lett mål, kanskje har eg blogga litt for lite. Men eg syns det er vanskeleg. Målet mitt var å gå til jobb i staden for å køyre bil, det gjer eg eigentleg likevel. Berre nokre dagar tek eg bilen – som måndagar, då eg må hente Ola på trening likevel. Eg skulle også plukke søppel på vegen til å frå skulen. Det har eg gjort. Litt. Men no er det ofte mørkt kvar gong eg går heim og då ser eg ikkje søppel. Målet mitt er for lett. Det eg burde endre på er å dusje litt kortare i ikkje fullt så varmt vatn. Det gjorde eg i dag og det gjekk heilt fint. 

Dag 1: Dag 1

Dag 1 – må ta bilen til jobb. Skal hente Ola på fotballakademiet etterpå. Bra start!